BETEL
- Ha tru til Gud
Komande møter
| Dag | Dato | Beskrivelse |
|---|---|---|
| Søndag | 25. oktober kl 1800 | Delemøte. Vi kjem saman og lar Den Heilage Ande leie møtet. Barnemøte i kjellarstova |
| Tysdag | 27. oktober kl 1800 | Bønnemøte. Alle er velkomne |
| Søndag | 1. november kl 1800 | Søndagsmøte. Gunnar Andås talar |
| Tysdag | 3. november kl 1800 | Bønnemøte. Alle er velkomne |
| Søndag | 8. november kl 1800 | Søndagsmøte. Gunnar Andås talar. Barnemøte i kjellarstova |
| Tysdag | 10. november kl 1800 | Bønnemøte. Alle er velkomne |
Endingar blir ajourført kontinuerleg. Møter som er planlagt et stykke fram i tid kan bli endra utan varsel.
Her finn du meir informasjon om møter tilbake i tid.
Vi oppfordrar alle til å ta med bibelen sin på møta våre, enten det er bibel på mobil eller bibel på papir. Vi ønskjer å vere ei levande forsamling der Guds ord er vårt kart og kompass i vårt kristne liv.
Bønnemøte tysdagar kl 1800
Kvar tysdag er det bønnemøte i møtesalen. Opent også for dei som går i andre kristne forsamlingar. I det siste har det blitt fleire på desse møta og det er veldig kjekt og oppmuntrande. Bønn og bønnemøte er sjølve livsnerven i det kristne livet, og når noko skal skje så skjer det i bønn. T.d. når Gud openberra at evangeliet er også er gitt til oss heidningar (altso ikkje-jødar) så skjedde all kommunikasjon gjennom bønnene til Kornelius og Peter. Veldig interessant å lese. På Betel har vi oppretta ei eiga epostadresse der du kan sende inn bønneemne. Send ein epost til [email protected]. Vi tar også med dei forbønsønskja som har komt inn på bønnelappane frå søndagsmøta, sjå meir informasjon om desse under.
Kveldsmøte søndagar kl 1800
Kvar søndag kveld er sjølve hovudmøtet i forsamlinga. Det blir annonsert i avisene og er opent for alle som vil kome. Då samlast heile menigheita og bidrar i fellesskap kvar på vår måte. Nokre leiar, nokre taler, nokre syng, nokre kokar kaffi med noko å bite når det offisielle programmet er slutt. Ofte har vi besøk av talarar, enten frå lokalminjøet eller meir langvegsfarande. Bak i møtesalen i bokhylla har vi små bønnelappar. Her kan den som vil skrive kort sine forbønsønskjer. Putt lappen i kollektkorga når menigheitstenaren går rundt og samlar inn kollekten, oftast etter talen. Møteleiaren vil be om velsigning for innsamla midlar, og også be for innkome forbønsønskjer. Skriv bønneemnet slik at du er komfortabel med at det blir lest opp og bedt for i forsamlinga og på bønnemøtet på tysdagane.