Dette er eit innlegg som var publisert på vårt gamle internett for mange år sidan, kanskje ca 20 år sidan. Men vi vil svært gjerne ta det med oss, og publisere det på nytt på våre nye sider. Om det høver seg slik burde vi sikkert lage eit eige myenypunkt der vi samlar og oppsummerer alle dei ulike misjonærane og utsendingane som Betel har sendt ut eller vore med på å sende ut. Vi skal i alle fall byrje å samle inn stoff, så skal vi sjå om vi byrjar å legge ut etter kvart. Her er i alle fall ein god start, der Hans presenterer kort tenesta som han og Edith hadde i Japan:
Vi var i Japan i seks periodar, à om lag tre år. Anita, eldste dotter vår, var berre fire månader då vi først reiste ut, og Kjellfrid og Einar vart fødde der ute.
Nesten heile tida budde vi i byen Niiza i Saitama fylke, om lag ein times reise frå Tokyo. Niiza har om lag 150.000 innbyggarar, Saitama sju millionar. I heile Japan bur det 127 millionar menneske.
Først så arbeidde eg nokre månader på «Nytt Livs Lys», eit stort kristent trykkeri med 60-70 tilsette. Der trykte vi biblar, bøker og traktatar på ulike språk. Mykje av litteraturen vart sendt til Kina og Russland.
Så gjekk eg på språkskule i Tokyo i eitt år og tok det grunnleggjande kurset. Edith studerte også der på deltid. Etter språkkurset fortsette eg å arbeide på trykkeriet. Etter kvart følte eg kallet til å starte opp med menighetsarbeid. Først så gjekk vi i engelsktalande meinigheiter, men skifta over til ei japansk menighet der ein australsk misjonær var forstandar.
Då vi reiste ut andre gongen fortsette vi med språkstudiane. Eg gjekk på språkskule eitt år til og fullførte alle kursa. Så starta vi opp med husmøte i heimen vår. Eg begynte å tale på møta i menigheta av og til.
Vi overtok ansvaret for ei lita menighet i byen Misato, om lag ein times reise frå Niiza. Der var vi med og bygde opp menigheita, og no er Tamio Kaneko forstandar der. Vi hadde også ansvaret for menighetene i Sugito, Niiza, og Hatoyama som vi fekk vere med å starte. På alle plassane vart folk frelst og døypt og vi fekk oppleve ei rik tid. I tillegg til dei fire menighetene så var vi med å starta eit nytt arbeid i byen Omiya. Møta fortsette på alle plassane og det takkar vi Gud for.
Det største har vore å få sjå mange japanarar sine liv verte forvandla. Dei kan no vitne om at Jesus har gitt dei fred i hjartet, som dei ikkje hadde før. Det dei ikkje fann i buddhisme, shintoisme og materialisme, har dei fått av den levande Gud! Vi har fått mange vener i Japan, og eg saknar landet og folket der.
Borna var med oss på møta heile tida og eg fekk døype Anita og Kjellfrid. I menigheita vart det snakka japansk og det tok vi del i alle saman. Borna gikk på ein amerikansk, kristen privatskule. Der var alt på engelsk, men dei lærte litt japansk der også. I heimen har vi alltid snakka norsk, men borna har snakka engelsk seg i mellom.
Vi har drive mykje med traktatutdeling og evangelisering, men det viktigaste har vore å få lede sjelene til Jesus og å passe på dei for at dei skulle verte bevart. Det er mykje hardt arbeid. Eg hadde ei tid hovudansvaret for tre menigheter på ein gong. Det var svært krevjande og det gjekk ut over helsa.
Edith si hovudoppgåve var å ta seg av heimen då borna var små, men ho deltok med kokekurs for japanske damer, og talte og vitna på møta av og til. Borna var også med og hjelpte til med menighetene og dei var aktive i evangelisering ut frå den amerikanske skulen.
Japan er eit høgkostland og i alle år dreiv eg med engelskundervisning for å få pengane til å strekkje til. Gjennom dette arbeidet var det også nokre som vart kristne. Også jentene hadde ei tid sine eigne engelskklasser. Ei som Anita underviste, Yonyama, vart kristen og gifte seg med ein tysk misjonær. Ho har vore på vitjing i Noreg. Eg vigde andre japanske ektepar på slutten av misjonstida.
No bur vi i Volda. Edith arbeider som reinhaldar på sjukehuset. Eg er evangelist på Betel i halv stilling, og arbeider ein del for entreprenørfirmaet Volda Maskin. Einar går første året på ungdomsskulen og er med på ungdomsmøta på Betel. Anita er 23 år og går på Lærarakademiet, og Kjellfrid er 20 år og går på Akta bibelskule i Stavanger.
Be for oss!
Hans Reite
