Innviinga i 1973

Det nye BETEL i Volda vigsla

Etter at det har vore stille frå Volda i lang tid, skal dykk no få høyra frå oss. Grunnen til tagnaden er at vi har vors sterkt opptekne med å få ferdig det nye bedehuset vårt. No er det i alle fall så pass ferdig at det kunne takast i bruk i julehelga. Fredag 28. des. var det opningsfest med innbedne gjestar og søndag 30. desember 1973 vart huset vigsla.

Frå opningsfesten

Opninga av det nye forsamlinghuset til D. F. E. F. Betel, Volda fann stad den 28. desember 1973 kl. 18. Salen i første etage var fullsett av innbudne gjestar og forsamlinga, tilsaman 140.

Musikklaget opna festen. Etter det ynskte festleiaren, Hans Rusten, eit varmt velkomen til kvar og ein. Samstundes vart saknet av Mathias Støve og Roald Nilsen nemd.

Innslag av pianomusikk vart så halde av den unge dotterson til Martha og Mathias Støve, Knut Kvangardsnes.

Gleda var sjølvsagt stor på denne dagen, og Alfred Kværnabakk, som er eldstebror i forsamlinga, bar fram ei gledehelsing frå Salme 121. Han streka under at målet med det nye huset måtte vere å redde menneske for Gud. Attersyn frå 1911 til 1973 vart halde av Hans Rusten. Byggjetankane til det nye huset kom då industriutbygginga forlangte at det gamle forsamlingshuset skulle bortregulerast. Arkitekten for det nye Betel er Johs. Nes og bygget er teikna for ei grunnflate på 11 x 15 m.

Glad song sette sitt merke på festen. Utanam musikklaget og fellessangen tok også Hildur Gaustad del med sin glade song.

Festtalen vart halden av Albert Robinson. Der uttrykte han sin glede over å få vere tilstades og ynskte lukke til med ny-Betel. Han minte om at heligdomen finn vi i Herrens velsigning og nærvær. Når ein går til møtehusa innstilt på å møte Herren, finn ein han der.

Etter denne talen vart det servert mat og kaffi i salen i underhøgda. Etter matykta heldt festen fram i hovudsalen med sang, pianamusikk og gratulasjonshelsingar.

Arthur Andås las frå Matt. 5, 9, og hans ynskje var at alle som kom inn her måtte få sjå Gud.

Etter dette vart det bore fram helsingar frå løytnant Hartveit, Peder Bergen (Volda Kr. Ungdomslag), og Ola Reite (EbenEser). Alle uttrykte si glede over å ta del i festen og ynskte forsamlinga Guds velsigning.

Det vart fleire helsingar. M.a. vart det bore fram eit telegram frå Børselv, likeeins frå Gunnar Andaas som f.t. arbeider i Japan, Martha Støve, Lilly Engset og frå vener i Høydal og på Hareid.

Til slutt vart det overreking av blomar til formannen i byggenemda, Hans Rusten, arkitekt Johs. Nes, kont Emmy Nes for pynting, bygningsleiar Johs. Rusten og til Rakel Nilsen, Ragna Engset, Sverre Kipperberg for trufast hjelp. Ei takk også til Arthus Andås.

Robinson avslutta og minte om mottoet i det gamle lokalet og som følger med i det nye huset: «Ha tru til Gud»!

Frå Vigselhøgtida

Til vigslehøgtida søndag kl. 11 var det samla ca. 130 mennesker. Det var folk frå Volda og bygdene på Sunnmøre.

Arthur Andås leidde møtet og etter songane nr. 355 og 70 i Schibboleth helsa han velkomen. Hildur Gaustad song solo: Reis deg Guds menighet. Den klang fint.

Etter songen: Hjertens Jesus (nr. 11 i Sch.) var det skriftlesing. 5 stk. las kvar sine avsnitt frå Bibelen. Først las eldstebrørne og deretter misjonær Lilly Engset og Hans Rusten.

Sivert M. Langvatn las Salme 133, Johs. Nes 1. Kong. 8, 12-13 og 27-30, Alfred Kvernebakk 2. Kor. 4, 1-7, Lilly 2. Kor. 5, 20-21 og 8, 8-11 og Hans Mark. 16, 15-18 og Ap. gj. 2, 41-43, 46-47.

Etter skriftlesinga tala forstandar Albert Robinson ut ifrå 1. Kong. 9, 1-3. Han sa mellom anna: Gud er her!

«Vi bør ha ærefrykt for Herren hus og Herren nærvær. Dette er ein arbeidsstad, eit åndeleg verksted, eit fellesskap.

Fellesskapet kan ikkje bestå av egoistar. Kristus ofra seg for oss alle, tok ein tenars skapnad på seg. Bibelen talar om eit fellesskap som ikkje skil unge frå gamle.

Det er noko å streva etter for gamle og unge: Å vere eit føredøme for andre. Vi treng å vere åndeleg audmjuke.

Dersom vi byrjar å sjå (oppdagar) kvarandre sine tenester, vil vi få mykje å takke Gud for.

Gud vakar over vingarden dag og natt. Herren, som gjer under, er i vår midte.»

Robinson slutta den varme talen med bøn til Gud om signing over det nye huset og forsamlinga (menigheten) som skal halde til i huset.

Medan ein song sangen: Menigheten er Guds tempel (nr. 567) vart offeret til huset oppteke og etterpå var det fleire som bar fram helsingar og gratulasjonar.

Lærar A. Angeltveit helsa frå Volda Indremisjon og hadde med to pene lysestakar som gåve frå dei.

Andreas Olsen helsa frå Ålesund med skriftordet: Haggai 2, 9.

Eit gratulasjonstelegram frå Martha og Karen Standal i Drammen hadde same bibelhelsing.

Forstandar R.E. Janøy helsa frå Eben Eser (pinsevenene) med nokre ord frå 1. Mos. 28, der det mellom anna står: Og han kalla staden Betel. Janøy sa: Vi treng mange Betel-hus, der Gud kan få openberre seg.

Evangelist Olav Dahl, som representant for dei som har flytta ut frå Volda og har vore med i Betel, las Salme 119, 126. «Det er tid for Herren å gripe inn.» Olav sang og ein sang, der omkvedet lyder: Det var nåde, ja nåde at Jesus for meg døde.

Dette er vårt gledes emne og vår kraft.

Misjonær Per Håskjold: Det er godt å ha fått denne nye heimen. Han minte om ordet frå 2. Kor. 5, 14, der det står: For Kristi kjærleik tvingar oss.

Det gilde, historiske høgtidsmøtet slutta med salmen: Lover den Herre, og Robinson lyste Herrens velsigning i 4. Mos. 6, 24-26.

Alle som var med på møtet er eit minne rikare, for Gud var nær.

Ettermiddagsmøtet

Ettermiddagsmøtet kl. 17 vart leia av Hans Rusten og før Ole Hovdhaugen innleia song vi nr. 128 og 288. Ole las 1. Pet. 3, 14 og vitna og sa: Mitt motto er å innvie mitt liv til Jesus.

Under bønn var det bede for to sjuke kvinner.

Musikklaget sang: Herlig det blir, og så tala Robinson.

Han gjekk ut ifrå 1. Pet. 4, 10-11 og poengterte at alle har nådegåve. Det er ingen som har mindre enn eit pund - som Jesus sjølv fortalde oss om i ei likning. Ein skal vere ein velsignelse. Det er nåde å få til alle oppgåver. Som songaren seier: Det er nåde nok for meg.

Øvstepresten (i Det gamle testamentet) hadde huve på seg. Det tyder: Guds ære. Dersom Guds ære fell av oss er det ingen ting ved oss.

Herren kan forvandle eit menneske. Han kan meir enn alt! Du som går ikring og klagar over din skrøpelighet; der er nok kraft å få for deg!

Talen var indeleg og åndsboren. Etter sangen nr. 88 var det endå nokre som bar fram helsingar og vitna om livet med Gud.

Først Kjell Eriksen frå Harestua. Han gratulerte forsamlingen med huset og helsa med 1. Tess. 1, 1.

Tor Kragnes frå Drammen: Herren gjev nåde og ære (Salme 84, 12). Martha Støve og Henrik Holsvik vitna om sin Frelsar med stor glød. Henrik er snart 90 år, men frisk og varm også i sitt åndsliv.

Elias Rusten minnet om: Guds fast grunnvoll står og har dette innsigle: Herren kjenner sine, og: Kvar den som nemner Herrens namn, skal vende seg ifrå urettferd (2. Tim. 2, 19). Dette er ord vi trenger å ha med oss på vegen.

Johan Holsvik, frå Indremisjonen sa: Vi slepp å vente på Herrens velsigning, for den har vore her heile tida. (Han var ilag med oss under heile vigselshøgtida.)

Ragnv. L. Engset vitna om at det går an å verte bevart i Guds samfunn i ungdomsåra - ja, heile livet ut. Han er sjølv eit vitnemål om det. Han peika òg på kor om å gjera det er å bruke sitt pund, sjølv om det synes aldri så smått og ringe.

Hans nemnde til slutt alle 6 som var kome blomar ifrå til høgtida og Robinson tok avslutninga.

Ei mor bad om forbøn for småguten sin som har vondt i auga og han gjekk fram og var bedt for. Vi har ein Frelsar som kan både frelse og lækje. Gud vere lova!