Gjennom heile det Nye Testamentet kan vi lese om kjærleiken, og kor viktig det er å elske kvarandre. Gjennom heile si gjerning på jorda påpeika Jesus at som han har elska oss så skal vi elske kvarandre. Det var så viktig at han sa det var eit nytt bod for oss. Vi les dette over alt i evangelia og i breva, og i openberringa. Kjærleiken er det mest grunnleggjande i Gud. Jesus elska Gud og han gav sitt liv i kjærligheit for oss. Jesus lærte oss å elske kvarandre og å vere kvarandre sine tenarar.
«Meister, kva bod er det største i lova?» Han svara: «‘Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.’ Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort: ‘Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ På desse to boda kviler heile lova og profetane.» (Matteus 22,36-40)
«Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.» (Johannes 13,34-35)
Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode! Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve! (Romarane 10,9-10)
Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samstemde, vis medkjensle og syskenkjærleik, ver miskunnsame og audmjuke. Løn ikkje vondt med vondt eller hån med hån. Nei, velsign heller, for de er kalla til å arva velsigning. (1. Peter 3,8-9)
Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt hans Son, Jesus Kristus, og elska kvarandre, slik han baud oss. (1. Johannes 3,23)
I Det Gamle Testamentet er summen av lova og profetane å elske Gud av heile vårt hjerte og av alt vårt vit og av all vår kraft. Og på denne måten er formålet nøyaktig det samme både i den gamle pakt og i den nye pakt. Vi skal vere kvarandre sine tenarar, elske Jesus, elske Gud, tru til frelse. I Den Nye Pakt vil Gud skrive lova i hjerta våre. Det er det som er meint med at Jesus kom for å oppfylle lova: Han sette standarden om å elske Far og å vere kvarandre sine tenarar, i kjærligheit. Det er det Gud vil ha, tenarar som vil tilbe Han i ånd og sanning.
Det er det som ligg til grunn for ekteskapet også: mann og kvinne som kjem saman og lever saman i kjærligheit. I denne stabile ramma får vi barn i kjærligheit, og foreldra elskar ungane sine. Det er på samme måten at Gud elskar oss, og kallar oss sine barn, sågar arvingar. Jesus viste dette klart då han kalla til seg barna og sa at Guds rike høyrer slike til. Far vil at vi skal kome i barrnlig tillit til Han, slik at Han kan vise farshjertet sitt til oss, sine barn. På grunn av kjærlighet har vi barnekår hos Gud.
Jesus sjølv brukar bildet brud og brudgom, som eit bilde på kjærleiken mellom Jesus og hans menigheit. Så i begge paktene er hovudbodskapen at vi skal elske Gud og elske kvarandre. Det er det som er det største, og heile hensikten med både den gamle og den nye pakt, om enn på to heilt ulike måtar. I den gamle pakt måtte israelittane til slutt kapitulere og erkjenne at ingen kan halde lova, og kome til Gud og be om nåde og tilgivelse. Gud ville då tilgi og vere deira Gud.
Paulus seier at nådegåvene skal ta slutt, men kjærleiken tar ikkje slutt, verken her på jorda eller i den komande. Difor er det større å elske kvarandre enn å ha dei andre nådegåvene. Å leve i kjærleik er heilt fundamentalt, og dersom ein ikkje gjer det er det eit teikn på at noko er galt. Den som ikkje elskar sin neste, men som gjer urett, er ikkje kjend av Jesus (Lukas 13,27 og 1. Johannes 4,8). Det er fordi at åndens frukt er kjærleik, glede og fred. Så kjærleik er oppfyllelsen av lova, profetane og den nye pakt.
