BETEL
- Ha tru til Gud
Litt Betelsoge
Frå 1890-åra og inn i 2000-åra
Det er ikkje lett å setje opp nokon startdato for Den Frie Evangeliske Forsamling "Betel" i Volda. Her var mykje åndeleg rørsle i distriktet i slutten av år 1800. Mange "møtte Gud" på ein spesiell måte dei åra.
Kløyvinga i kristenflokken kom i og med "Nadtverdstriden" (nattverdsstriden). Det at folk samlast i heimane og "braut brødet" vart ikkje tolt av presten August Wenaas. Det første møte vi veit om var i heimen til Ole G. Clausen i Ørsta. Der var fire av diakonane samla. Tre av dei var frå Volda, nærare bestemt frå Kilsfjorden. Dei tre var: Sjur R. Straume (også kalla "Straums-Sjure"), Knut A. Bjørkedal (som var frå "Heimste-Dalen" i Høydal. No gift i Morisgarden på Bjørkedalen og budde der. Til dagleg kalla "Morits-Knute"). Den tredje personen skreiv seg for Ole M. Kile, men var frå Afidersgarden på Helset i Bjørkedal. Han vart gift til Kile og budde på ein plass som heitte "Teigane" og vart difor kalla "Teg-Ola". (Honom har eg høyrt vitna i eit møte på Straumshamn i 1932).
Desse tre tok båt og rodde frå Kilsfjorden til Volda ("Øyralandet"). Derifrå gjekk dei til fots den mila til Ørsta. Dette var like før jul i 1891.
Nadtverdmøte vart det fleire av. Då i heimen til Knut A. Bjørkedal. Dette likte A. Wenaas så dårleg at han melde dei til lensmannen og det vart rettssak av det. Den vart halden 15.03.1892 i Bjørkedalan. Det var ikkje straffbart og riksadvokaten konkluderte med: "Tiltalen bør frafaldes". Den første som fortalde meg om dette var systersonen til Knut A. Bjørkedall Nemleg Martinus H. Høidal.
No byrja folk å melde seg ut av Den Norske Kyrkja. Den som melde seg ut først var Hans S. Halkjelsvik. Det var i 1894, men det vart fleire. I 1895 7 stk. til, og i 1896 14 stk., og det auka på etter kvart. Innan 1902 var 154 utmelde.
Men ikkje alle vart med i det som seinare vart kalla "Betelforsamling". Til å byrja med vart det kalla "Partiet". Desse hadde samlingane sine i husa på gardane og det vart kalla: "stovemøte".
(Etter nadtverdstriden vart kyrkjer og bedehus stengde for "Partiet", så i 1893 vart det bygt fem nye bedehus i Volda sokn. Av desse er det berre eitt som står att og er i bruk i dag (2004) Det står på Sætre, Lauvstad.
Det første forsamlingshuset "Betel" vart bygt i 1911 og innvigt 5. nov. det året. Det stod til det vart bygt nytt "Betel" i 1973, innvigt 30. desember same året.
Den Frie Evangeliske Forsamling i Betel har og opplevd brytingstid og kløyving. Det hende i 1920-åra, då "pinsen" gjekk ut. Det var representantane frå bygdene som berga huset for DFEF. Pinsekyrkja "Eben Eser" vart bygt i 1926.
I 1920-åra vart det starta med søndagsskule i Betel, med mange born. Borna som budde i grannelaget var også med. På julefestane var det fullt hus.
Året 1931 vart det vekking i Betelforsamlinga. Det året var det 20 år sidan forsamlingshuset vart bygt. Det ville dei markere og det vart halde 20-årsfest i november.
Til festtalar kalla dei Johannes Hedin, som på den tid var forstandar i forsamlinga "Skostræde 17", i Bergen. Han hadde med seg tre ungdomar frå Bergen. Dei var musikkantar.
To av dei var Trygve Gjøsund og Olav Tuenes. Då denne planen vart fortalt til Johanne Ytrestøyl, sa ho: "Då vert vekking!". Det vart det den hausten. Huset vart fullt av folk og det folk ute i gangen og ut over vegen. Vekkinga varde ut over vinteren våren 1932.
Det var ikkje berre i Betelforsamlinga det var vekking, men utover i bygdene på Sunnmøre. Kan nemne at den sommaren vart 6 ungdomar døypte i sjøen i Høydal. Kor mange som vart døypt i Betel, Volda, er ukjent.
Utover i 1930-åra var det ein del aktivitet i Betel og i 1936 var det fest igjen, for å markere 25-årsdagen for huset.
Mathias Støve fungerte som forstandar, men han vart aldri "innsett". Han vart respektert, både i Volda og utover i landet. Ein del turar hadde han og tala i andre forsamlingar innan DFEF. I 1933 bygde han hus ved Skjervavegen og busette seg her. Medan han var borte var det eldstebror Kristian Høydal som leia forsamlinga. Kristian døde i ung alder ved ei arbeidsulukke i 1944. Han vart ikkje 45 år gammal. Det vart eit stort tap for forsamlinga. Like etterpå vart det innsett to andre eldstebrør. Det var Johannes Nes, svigerson til Støve og Sigvald Høibakke, som var svigerbror til Kristian Høydal. Dei to som var eldste før var Sivert Langvatn og Alfred Kvernebakk. Høibakke reiste til Amerika ein gong i 1950-åra.
Utover i bygdene var det og eldstebrør, som høyrde til Betelforsamlinga, men no veit eg ikkje kven det var. Det fins ikkje noko skrive om det. Av og til var det møte på bygdene. I Austefjord var det ofte stemne i Påskehelga. I Høydalen hende det at det var møte ei heil veke. Som på etterjulsvinteren 1934, då Hans I. Ersrud var her. Tre gutar søkte då frelse. På Lauvstad var det møte av og til. I Påska 1932 var der stemne. Då var Losjehuset leigt til møta. Det hende og at det var stemne på Folkestad, - som ein av Påskedagane i 1940. Frå Høydalen rodde vi då til Mek og gjekk resten. Han som då var gjestetalar var frå Sverige, men opphavleg frå Russland. Trur han heitte Olivegren. Det var ein god mann og forkynnar. I krigsåra var både Daniel Nilsen og M.K. Kleppe i Volda i lenger periodar, men ikkje samtidig.
Kring 1950 var det ein som steig fram og tala sterkt om lækjedom ved bøn og han bad for sjuke. Han var frå Volda og heitte Håkon Driveklepp. Familien hans var med i Frelsesarmeen. Håkon vart visst døypt under eit pinsestemne på Hamar i 1950. I Volda fekk han halde til i Betel. Støve ønskte han velkomen. Driveklepp reiste også andre stader i landet. Ei tid reiste han ilag med Andreas Omland frå Sørlandet. Men det vart litt ugreie og Omland trekte seg ut. I møta kunne Driveklepp "tordne" mot både predikantar, forstandar og eldstebrør. Då var det vondt for Støve å vere tilstades i møta, men han tok ikkje til motmæle. Sidan gjekk Driveklepp tilbake til Den Norske Kyrkja. Omsider slutta han som predikant og vart skulelærar på Jæren.
Kring 1950 kom Tore Fremmerlid tilbake frå Amerika. Det var noko han ville snakke med Støve om. Dei vart forlikte og han tala i mange møte i Betel sidan. I grunnen høyrde Fremmerlid til i "Eben Eser", men der var nokon som meinte at han forkynte ikkje rett. Då trekte han seg derifrå og vart verande i Betel. Nokre av dei i "Pinsen" fylgde med han og dei vart ei tid med han der. På den tid prøvde Hans Rusten seg med eit lite brødrekor. Støve var med der og ei 2-3 stk. frå "Pinsen". I koret var 8-9 stk. Det varde ikkje så mange år. Fremmerlid reiste tilbake til Amerika. Han prøvde seg ei tid på å få seg byggningsarbeid i Volda, men her var lite å gjere. I nov. 1951 var det 40-års-markering for Betel. Festtalar var Daniel Nilsen frå Bergen.
Arthur Andås m/familie flytta til Volda i 1954 og vart med i Betelforsamlinga. Arthur var "tent" på å arrangere leir for born og første barneleiren var i Austefjorden sommaren/hausten 1954. Første åra var det i primitive former. Ungdomshuset vart leigt til å ha møta i. I Skulekjellaren vart maten kokt og servert. Kjøkenpersonellet overnatta i andre høgda i "Gamleskulen”.
Overnattingsstad var litt av eit problem. Borna overnatta på fleire stader, gjerne ilag med nokon vaksne. Nokre låg på golvet i ungdomshuskjellaren, andre i "Winsrygghuset", nokre i lødene på gardane. Leirane vart populære og det kunne vere opp i 80 personar, som var med. Første året var Liv Ranlo og Finn Kleppe lærarar på leiren. "Tante Liv" var elles nokså årviss på leirane. Arthur Andås var "drivkrafta”. Nokre frå forsamlinga var medhjelparar. Dei som stelte på kjøkenet var så ymse, men nokre gjekk igjen år etter år. Søndagane var det møte, der både tilreisande og bygdefolket var med. Under ein leir var det berre regnvêr og vatnet fløymde inn i huset, så dei som låg i kjellaren måtte flytte oppi salen på Ungdomshuset. då vart det klart at ein hadde behov av eit leirhus. Det vart bygt i 1960.
Der Rådhuset i Volda no står, stod det den gongen fleire brakker som i si tid hadde vore "tyskarbrakke”. Ei av desse vart kjøpt, riven og bygt opp att i Austefjorden, der Sundalselva renn ut i sjøen. Det vart leigd to mann til å gjere dette arbeidet. Det var Roald Nilsen, (predikant), som då var komen til Volda, og Leif Kiperberg. Elles var det og ein god del dugnadsarbeid. Huset vart sett på pålar. pålane sette John Aasebø og Elias Rusten opp. Dette leirhuset har vore til stor glede og velsigning i distriktet. I første høgda var det møtesal og kjøken, i andre høgda hyblar.
Som nemnt kom Roald Nilsen til Volda i 1960. Han var både forkynnar og ein nevenyttig mann, - så han vart leigd av både den eine og den andre. Han flytte hit med familie, - kone og to born det året. I 1963 til 64 bygde han seg hus på Engeset, men han vart sjuk og døde før huset var heilt ferdig. Han døde 7. sep. 1965, berre 43 år gammal. Det var eit stort tap for Betelforsamlinga.
1961 var det femtiårsjubileum for Betel. Då var Albert Robinson festtalar. Han sa då: "Alt som er 50 år gammalt er antikk”. I 1961 kjøpte Roald Nilsen møteprotokoll for årsmøta. Før den tid var ingenting skrive frå slike møte. Sidan det året har vi hatt protokoll.
Misjonærar
Det har vore fleire misjonærar utsende frå Betelforsamlinga. Mathias og Martha Støve reiste til Afrika i 1912. Dei var ute i seks og eit halvt år. Mathias fekk malariafeber og måtte avbryte. I 1933 bygde Støve seg hus ved Skjervavegen i Volda. Ein eldre mann frå Høydalen baud han ein viss pengesum, dersom Støve busette seg i Volda. Slik vart det og i 1947 vart han redaktør for bladet "Det Gode Budskap," samtidig som han leia Betelforsamlinga. Støve døde 20. mars 1969, 79 år.
Den neste misjonæren som reiste frå Betel var Lilly Engeset. Ho reiste til Swaziland i Sør-Afrika i 1958. Der bygde ho opp ein barneheim, ilag med Borgny Viblemo. Lilly kom heim til Volda i 1972 på grunn av helsesvikt. Her har ho vore aktiv i forsamlinga, men har og vore småturar til Swaziland igjen.
Andre misjonærar kan nemnast. Per og Eldbjørg Håskjold reiste til Grønland i 1964, og var der nokre år. Aage og Reidunn Håskjold reista til Argentina i 1967. På grunn av helsesvikt vart dei ikkje ute så mange år. Dei har sidan slege seg til i Aseral, der dei er aktive i forsamlinga.
Hans og Edith Reite reiste til Japan april 1977. Dei var der i mange år, men no bur dei i Volda.
Harald Elvegård frå Lauvstad (Volda) høyrde til Betelforsamlinga, var også ute som misjonær i Japan i mange år. Han gifta seg og flytte til Mosterhamn og reiste til Japan der ifrå.
Gunnar Andås var misjonær i Japan 1973 til 1974. Betty og Gunnar reiste til Hong Kong i 1983 og var der til 1986. Der jobba dei med bibelspreiing.
I 1995 reiste Kathrine Svendsen til misjonsoppdrag i Asia.
Svend Svendsen reiste til Sri Lanka 4. august 2003. Der jobbar han på misjonstrykkeriet .
Hausten 1966 var det avskilsfest for Lilly Engeset, som skulle utatt til Swaziland til si andre periode der. Kven skulle leie festen? Ingen av dei tre eldstebrørne ville ta det på seg. M. Støve var nett komen ut av sjukehuset og sat ned i salen. Det vart til det at Hans Rusten skulle leie. Edvin Andreassen var på den tid i Volda og han var festtalaren. Medan Edvin og Hans sat ilag på plattforma vart det klart for Hans at på plattforma var "plassen hans”. Etter att Støve døde 1969 vart det Arthur Andås og Hans Rusten som fungerte som eldstebrør, men dei vart innsette før 5. okt. 1975. Dei andre eldstebrørne var ut i åra og hadde lite tiltaksevne. Yngvar Pettersen var den som "foretta” ved innsettinga. Hans hadde korrespondansen med predikantane.
1970
Det året hadde Billy Graham ein møteserie i Europa, med tittelen EURO TV 70. Møta vart ved TV sendt over store deler av Europa. Nokre byar i Noreg hadde og biletoverføring. I Volda fekk ein berre lyden. Det var felleskristeleg og det vart eit stort arrangement. Frå Betel var både Arthur og Hans med i hovudkomiteen. Det var sterkt drag i folket den våren. Også ungdomen på gymnas vart ivrige på samarbeid og to av dei gjekk til prost Martin Haga og meinte det burde skipast eit samarbeidsutval i Volda. Haga var samd i det, men personleg ville han ikkje vere med. Det ville derimot hjelpepresten Eivind Taranrød. Det vart skipingsmøte, men Tararød ville ikkje vere formann i VKS. (Volda Kristelege Samarbeidsutval.)
Det enda med det at Hans Rusten vart første formann i "VKS" , endå han kjende seg lite dugande til slikt. Han hadde inga erfaring.
Det hende meir hausten 1970. "Evangelieteltet" kom til Volda i august, og den 27. var første møtet og det siste teltmøtet var 13. sep. Då var teltet overfylt. Talarane var: Arne Gundersen, Egil Solheim og Arvid Rygh. Folk søkte frelse og nokre vart døypte i vatn. Her var teltmøte i 1971 og. Då var John Skograand med som talar.
Først i oktober 1968 hadde Arne og Egil ei møteserie her. Medan dei var her vart det halde eit brødremøte hos Sivert Langvatn. Støve var tilstades. Då vart det bestemt at ein skulle ta til med å samle inn midlar til å bygge nytt Betel. Det kom framlegg om Støve som samlar, men Hans tok oppdraget. Gamle Betel var bortregulert av kommunen og måtte flyttast. Kommunen ville flytte det gamle huset og setje det på mur lenger borte. Det vart rettssak om spørsmålet. Då kom sorenskrivaren med framlegget: Det ville koste kommunen å flytte gamlehuset, det skulle dei legge i byggjesummen til det nye Betel. Dette vart vedteke og slik vart det.
Driftstyrar John Aasebø hadde tinga seg på ei tomt av S.H. Halkjelsvik. Denne lovnaden gav han til Betel og tomta var der Betel står no. (John Aasebø døde i 1969). Kommunen kjøpte tomta til Betel. Ing. Johannes Nes teikna huset (i samarbeid med kona Ernmy.) Det vart vald byggenemnd. Dei som var med var:
Hans Rusten formann Sverre Kiperberg nestformann Emmy Nes Rakel Nilsen Johannes Rusten Ragnvald L. Engeset Johannes Nes.
Kvinneleg varamann Kjellfrid Langvatn Mannleg varamenn Arthur Andås Haldor Aasebø.
Første nemndmøte var hos H. Rusten 10.11.1971. Gravearbeidet på tomta starta 7. april 1972. Entreprenør Aksel Vaage hadde arbeidet med å grave, støype kjellarmur, kjellargolv og betongplata under salen. Det var elles mykje dugnadsarbeid. Murar Rasmus Egset frå Ørsta hadde murararbeidet over betongplata, ilag med sine folk. "Oppsynsmann" var Johannes Berg Rusten (under bygginga). Varamann Ragnvald L. Engeset. Svært mange av dei som gjorde dugnadsarbeid var pensjonistar. Det var ei gunstig tid for bygginga. Den eldste var Elias Rusten frå Høydal, som var over 80 år.
Huset vart teke i bruk i jula 1973 og vigsla 30.desember det året. Albert Robinson var talaren. Det Nye Betel var fullt, både under festen og på vigslingsdagen. Mange var innbedne. Ikkje lenge etter var Betelforsamlinga gjeldfri.
Første bryllaupet i Betel var diamantbryllaupet (60) til Elise og Eliaas Rusten 16. april 1974. Staalstrøm var tilstede. Dei hadde og sitt første bryllaup i "Gamle Betel" i 1914, Vigde hos sorenskrivaren. Talar Johannes Hedin. 28.09.1974 festa vi bokstavar og kors til Betels frontvegg.
Laurdag 22.06.74 vart Kjellrunn (f. Dahl) og Tor Kragnes vigde (velsigna) i Betel. Som dei første i det huset. Ragnvald L. Engeset var kasserar for Betelforsamlinga i over 50 år. Han var då mest 80 år. Rakel Nilsen overtok kassa på årsmøtet 02.03.1973.(1974)
I april 1975 vart hybelen i Betel teken i bruk.
- sep. 1982 vart Kjell Ohldieck innsett som forstandar i forsamlinga, og var det til januar 1986.
- aug. 1993 vart Kjell Arve Tolås innsett som forstandar. Han var her i ca. 6 år og reiste i juli 1999. I hans forstandartid vart det sett inn fleire i eldsterådet.
Dei nye var: Per Håskjold, Eggesbønes Haldor Aasebø, Skodje Tore Svendsen, Volda Kjell U. Gjertsen, Volda. Desse vart innsett med handspålegging i Betel 24. april 1994.
I 1994 vart 6 personar døypte i vatn. Av Betelforsamlinga døde 5 stk. det året, - alle over 80 år.
- april 1995 vart student ved DH, Ole Hjalmar Stamnes og kona Aslaug Kyte velsigna i Betel, etter først å ha vore hos sorenskrivaren.
Torsdag l. juni 1995 vart "Evangelieteltet" reist ved Herøybrua. Fredag var det første møtet. I pinsehelga var det mange møte og strålande ver. Bra med folk. Talarane var: Arne Gundersen og Egil Solheim, Ole Kristian Iglebækk, Kjell Arve Tolås. Teltmøta heldt fram til 25.juni. I februar 1996 reiste mest heile eldsterådet til konferanse på SBI, Solvoll.
Året 1997 vart det laga nytt dåpsbasseng i stål. Kjell Klokk stod for det arbeidet. Sidan var det 6 dåpshandlingar der det året.
- des. 1997 vart det sett inn to nye i eldsterådet. Dei to var: Gunnar Andås, Volda og Jan Magne Vartdal, Vartdal. Dei siste åra har Betelforsamlinga hatt god støtte av folket frå Vartdal.
I 1998 var her ein afrikanar og tala fleire gonger. Han er frå Kenya og heiter Cliff Msioki, ein god mann. Var her og seinare.
- juni 1998 brurevigsle i Betel igjen. Maria og Tor Sætre. Ein mann frå Færøyane var ofte på møta den sommaren. Han er lege og hadde vikarteneste på sjukehuset i Volda. Han tala og i møta.
Av Betelfolk døde 6 stk. det året.
Det vart innsett tenarar i forsamlinga 19.mars 1999. Det var i første omgang Tor Sætre, Edith Reite og Irene Bergene Vartdal. I 1999 slutta K.A. Tolås som forstandar her. Det var avskilsfest for han 4. juli. Kona Ruth Kesia var her ilag med han dei dagane.
- mai år 2000 tala Kjell Arve i Betel igjen. Dagen før var han i bryllaupet til Trond og Gunn Vartdal og tala der.
I nov.-des. 2000 var Terje Kingsrød her og hadde møte, både for born og andre.
I 2001 var det 5 gutar som gjekk "tenbibelskulen". Tore Svendsen underviste. 4 av gutane gjekk i dåpens grav 4. november. Trond Vartdal vart innsett som eldstebror 9. desember. Han gjer ein god innsats, spesielt på Hareid.
- januar 2002 kom forstandarparet Lekardal til Volda. 3. februar vart dei innsett og velsigna. Dei er i Volda per 2004.
Predikantar som er frå Betelforsamlinga er Olav Dahl frå Folkestad. Han byrja reise i januar 1969.
Helge Johnny Nupen, også frå Folkestad, reiste som predikant 1987. Dei har begge to, i periodar vore forstandar i ymse DFEF's forsamlingar. Det er og andre ungdomar frå Betel som har forkynt i visse høve.
Fem Landsmøte i Volda 1955 - 1963 - 1974 - 1982 - 1998
I 1955 vart bedehuset "Sion" leigt til å ha møta i. Ikkje større huset er, - var det sprengfullt. For middagsmat gjekk ein på kafé. Brødmat vart servert i Gamle Betel, - helst til kvelds. Frukost fekk dei tilreisande helst der dei losjerte. Dei aller fleste var privat innkvarterte. Bedehuset hadde ei vedtekt som sa at det der kunne ikkje vere møte, når det var preike i kyrkja. Så var det spørsmål om møte søndag? Prost Lars Tjensvoll visste råd. Han tillyste preike i ei av bygdene i Volda sokn. Det kan eg hugse at Daniel Nilsen offentleg gav Tjensvoll honnør for.
For 1963 vart Samfunnshuset leigt til møta. Mat som første gongen i Betel. Det var og kafé i "Blåsalen" i "Samvirkebygget". Dette året og var det privat innkvartering. Kulturen i Volda var då slik: Var det storstemne i bygda opna folk heimane sine og tok imot losjerande. Det var det same om det var turnstemne, songarstemne eller noko anna.
Neste Landsmøte var i 1974. Då fekk ein ha møta i aulaen på Ungdomsskulen. No var her bygt ein del studenthyblar som kunne leigast. Elles vart dei fleste predikantar og misjonærar innkvarterte privat. Maten tok dei fleste på "Porse".
På Landsmøtet 1982 vart Idrettsbygget ved Lærarskulen leigt. Mat fekk ein på kafeane og på "Porse" (hotellet).
Landsmøtet 1998 leigde ein og Idrettsbygget. Forhandlingsmøta var på Hotellet, der ein og fekk kjøpt mat. Den gongen var det mat å få kjøpt på Lærarskulen. Kiosk var der og.
Volda, 28.juli 2004.
Hans Sivert Rusten