Historia

Historia

Det er fleire i Betel som har skrive om soga til Betel. Og desse sidene er på ingen måte ferdige enno. Eg er framleis på leit etter gamle bilete som syner dei yngre korleis utviklinga har vore. Forsamlinga har bygd forsamlingshus 2 gongar, og før det så samlast flokken seg i heimane.

Det eldste notatet som eg har hatt tilgang til er referatet frå innvigslinga av gamle-Betel i 1911. Det er skrive av talaren på denne festen; Johannes Hedin.

Hans Rusten har skrive om historia til Betelforsamlinga heilt frå slutten av 1800-åra. Det tidlegare bladet Det Gode Budskap har publisert referat frå innvigslinga av nye-Betel i 1973.

soge_h1

Her er det foreldra til Hans Rusten som gifter seg i 1914. Johannes Hedin er også på biletet. Det var han som talte under innvigslinga av gamle-Betel i 1911.

soge_h2

Dette nyaste biletet er av nye-Betel frå februar 1974. Som du ser har dei ikkje måla verken karmar eller bordkledning enno.

Har du gamle bilete eller gamle notat eller dokument som fortel om soga til Betelforsamlinga er eg interessert i å skanne dei inn og legge dei inn her. På denne måten når dei eit breidare publikum, og dei yngre kan få mogelegheit til å studere historia.